27.06.2013

Nålebrev

Desse nålebreva er så kjekke å laga. 

Og her har eg både brodert, strikka og sydd.

Dei er veldig praktiske å ha med seg på tur, og nåler og diverse ligg godt beskytta inni.

Ynskjer alle som er innom ein fortsatt fin sommar, både med og utan sol :)

16.06.2013

Gjenbruk

Eg hadde nokre gamle broderte putar som hadde sett sine beste dagar.

Klipte ut det som var brukande av broderiet, og sydde desse to. 

Eg har enno litt igjen, så det blir kanskje fleire.

Så kjekt at du stakk innom :)






08.06.2013

Glasbrikker av bestemorruter

Bestemorruter kan brukast til mykje, og her har eg hekla glasbrikker.
Fargane kan varierast på mange måtar, og det kan og vera ein fin måte å få brukt opp restar.

Hekla ein kant rundt for å få ein fin avslutning.

Her er det dårleg med sommar om dagane, med satsar på at den snart er tilbake.

Takk for besøket, og god helg :)



01.06.2013

Litt meir hakking, og premie

Så er eg tilbake til hakking igjen.
Og eg har lært meg å hakka firkantar.
Veldig kjekt, og det blir ein fin effekt. Resultatet vart denne veska.
Stor nok til ein liten tur.
Sydde på trykknappar, så det skal gå an å lukka den.
Så er eg så heldig at eg har vunne denne praktiske veska hos Ulla-Bella. Og den er stor. 
Inni er det mange ulike lommar med plass til både strikkepinnar, og ellers det ein vil ha der av hobbyting. Så no blir det orden i sakene. Tusen takk Ulla-Bella for flott premie.

Takk for besøket, og god helg :)