04.08.2012

Gjenbruk og pads

Gjenbruk er alltid like aktuelt, og det er kjekt å finna nye måtar.

Etter å ha strikka ein del pads, fann eg ut at det kunne vera lurt å laga ei oppbevaring til dei.

Det resulterte i desse posane av tynne gjenbruksplagg. Dei er ikkje fora, for meininga er at dei skal ta minst muleg plass.

Etter gjenbruk av diverse bukser, blir det ein det lommar til overs. Sydde dei saman, og pynta dei litt på framsida.

Både posane og lommane tek liten plass, og er enkle å ha med seg veska/bagasjen.
Brukte ei hempe som var på buksa, og sydde den på bak, slik at den kan henga open på ein knagg på badet lett tilgjengeleg.
Sydde i trykknapp til lukking.

Noko av dette vil ein etter kvart finna igjen både her og her.

God helg, og takk for at du stakk innom :)




11 kommentarer:

Tonemor sa...

Så kjekt et gjennbruk!!!
Klem Tone

Edny sine puslerier sa...

Dette er både smart og stilig;) Lommene var kjempetøffe;) Kva bruker du padsa til?

reSIRIkulert sa...

Smart gjenbruk! ;o)
Siri

Lykkelita sa...

Har kost meg gjennom mange innlegg her hos deg nå. Så masse fint du har laget...
Blir så inspirert, bare synd tiden ikke strekker til for alt jeg har lyst til i disse dager. Selv ikke blogging finner jeg plass til... Men kanskje etterhvert:)
Hilsen fra Elisabeth.

Misemor sa...

Smart! Og enig i at gjenbruk alltid er lurt!
Søndagsklem!

Timotei sa...

Gjenbruk er tingen! Nyttige og fine ting du har laga.

Petrinetrollmor sa...

Så mykje fint du lager ! Er så imponert over alt du får til med krok, pinner og ikkje minst symaskin ! Hadde store planer om å lage ei slik strikkeveske som du laga av voksduk, men hjerna mi strakk ikkje til og fingrane mine ville ikkje samarbeide. Men eit kvart vart det tilslutt ! Eg hadde det iallefall kjekt !

Ønsker deg ein fin søndagskveld:)

Margit sa...

Så fine lommer! Kjekt å kunne bruke om-igjen ;O)

Edny sine puslerier sa...

Hei igjen! Eit lite tips på måndagskvelden: Sjekk bloggen min! Suprise;)

Svalen sa...

Så smart, og så søte lommer og pads:)

Stubbetufsa sa...

Veldig lurt!