19.08.2012

Litt av kvart

Dette blir eit innlegg om både det eine og det andre.

I det siste har eg vore så heldig at eg har vunne to gongar her i bloggland.

Tenk eg var så heldig å vinna dette flotte bilete hos Edny sine puslerier. Ho er ei kreativ dame, som brukar mykje naturmateriale i bileta sine. Sjå gjerne meir på bloggen hennar.

Desse sunne epleknappane i tre, vann eg hos Strikkespinn. Så stilige, og eg gler meg til eg har eit prosjekt eg kan bruka dei på. Dette er og ei kreativ dame som er verdt eit besøk.

Så har eg strikka nokre lestepar i det siste. Eg har aldri strikka lestar etter oppskrift, så her går det berre på augemål. Ingen fine mønster eller spennande måtar å strikka dei på. Men det eg har lagt merke til, er at det fins så mange ulike måtar å strikka hælen på. Det syns eg er interessant, for eg har alltid strikka berre  ein sort hæl.

Det er denne. Eg syns jo det er ein hæl med ei god passform, under forutsening av at ein treff det med antal masker i forhold til størrelsen på lesten. Eg har sett den på ulike bloggar, men ikkje så ofte.

Litt gjenbruk er det og blitt i det siste.  Dette er ein plastboks som det har vore rosiner i. Hadde mange smårestar av bomullsgarn. Hekla  utan tanke på at fargane skulle passa. Den vil nok bli brukt til oppbevaring av eit eller anna hobbyrelatert.

Tusen takk for alle flotte og kjekke kommentarar som eg får. Dei blir sett veldig stor pris på :)

Ynskjer deg ein god dag :)

9 kommentarer:

Mr. Blue sa...

Fine tjukkelestar. Kunne gjerne fått eit slikt par til jul...

Edny sine puslerier sa...

Så bra at du har hatt vinnarlykke med fleire enn meg! Eg er sikker på at fuglen får det godt hos deg;) Denne boksen likte eg kjempegodt! Tøft at det ikkje er system i fargane, og rosa pynta veldig opp;)

Mayen sa...

Æ har akkurat oppdaga at rosinboksen er utrolig fin når æ riv av ytterembalasjen ;o) Stilig å hekle rundt! Babyteppene på forrige innlegg ser så myke og lette ut, men hvor store strikker du dem?

Tonemor sa...

Gratulerer så mye med flotte premier.
Slike kjukk sokker er de beste.
Likte rosinboksen din, masse glafarger!!!
Klem Tone

Mayen sa...

Takk for tilbakemelding om tepper ;o) Skal nemlig begynne på et nytt teppe til sykehus i Nepal(nepaltepper.blogspot.com), og trengte litt inspirasjon, man blir litt strikkelei av å strikke nesten samme type hver gang. No skal æ prøve din variant, men i størrelse 1x1m som de ønsker. ha ei fin uke ;o)

malla-b sa...

Heldig du som har vinnerlykke. Fine labber du har strikka, eg også foretrekker den helfellinga. har lagt ut framgangsmåte på bloggen min, sidan det er så få som brukar den.

Livet i Nord sa...

Gratulerer! Flott bilde og artige knapper du har vunnet!
Så deilige sokker du har strikket, slike kommer alltid til nytte:)

Bundingen sa...

Sånn vinnerlykke! Gratulerer! Ser du strikker og feller hælen slik mor gjorde. Jeg er ikke så god på å maske sammen, så jeg har brukt denne fellinga på skuldrene på gensere og jakker.
Så må jeg beundre de lekre babyteppene dine. Kjempesøte!

Ha en fin tirsdagskveld!

Klem

Petrinetrollmor sa...

Så heldig du er som har vunne så mykje fint !

Eg er ei slik som heile tida må finne nye hælar å strikke, men som oftast fell eg tilbake til original-hælen, det er den som svigermor har lært meg:)

Vil du finne bloggen vår igjen, er du dessverre nødt til å skifte til ny adresse:

http://petrineogbarnum.blogspot.no/

helsing Petrine og Barnum