Små prinsesser er og fine med heklakragar.
Så desse er litt mindre i omkrets.
Dei er hekla i ulike typar bomullsgarn.
Og dei kan brukast med opning både framme og bak.
Og ein i julefarge passar jo godt no til jul.
Så er eg så heldig å ha vunne. Fire søte huer som skal halda egga varme. Og ein flott heklablomst som var pynt på pakken. Tusen takk til deg Anette for flott gevinst. Anette er ganske ny her i bloggverda, så ta deg gjerne ein tur innom den koselege bloggen hennar. Eg hugsar sjølv kor kjekt det var når nokon fann bloggen min då eg starta blogginga.Så var det 2. søndag i advent, og jula nærmar seg. Eg er så heldig å få dotter mi heim i morgon. Ho studerer i Australia, og gler seg til å koma heim. Så då blir det høg kosefaktor i heimen :)
Ynskjer deg ein god adventssøndag :)