15.12.2018

Stort teppe


Det er populært med store tepper i tjukt garn for tida. No er det ikkje så veldig tjukt garn i dette, men på grunn av strukturen så kan det sjå slik ut. 


Det er strikka i eit blandingsgarn av 40% alpakka, 30% ull og 30% acryl. Eg har brukt dobbel tråd, og strikka det på pinnar nr 5. Det veg ca 900g, og målet på teppet er ca 140x110cm.

Vinnar av gje-borten blei dama bak den kreative bloggen Ruths datter. Eg har sendt deg ein mail, så ta kontakt, så får du pakke i posten.

Takk for at du stakk innom, og god helg :)

1 kommentar:

Berit sa...

Nydelig teppe som sikkert er deilig og varmt :)