25.08.2012

Endå fleire rosinboksar

Eg fekk sjølvsagt dilla på å hekla trekk til rosinboksar, etter å ha hekla til ein i forrige innlegg.

 Boksane er i grunnen veldig praktiske og fine til oppbevaring av diverse hobbyting, eller anna ting og tang.

Litt finjustering og forandring denne gongen, ellers er dei ganske like.

Dette er jo og eit fint restegarnprosjekt.

Slik gjer eg det: Legg opp 50 lm med heklenål 3,5. Antal lm og heklenål må du tilpassa garnet som du brukar. Det må vera litt stramt så det sit godt. Hekle stavar til trekket er langt nok. Her har eg hekla ei rad med krepsemasker til slutt.

Ynskjer deg ei fin helg :)


19.08.2012

Litt av kvart

Dette blir eit innlegg om både det eine og det andre.

I det siste har eg vore så heldig at eg har vunne to gongar her i bloggland.

Tenk eg var så heldig å vinna dette flotte bilete hos Edny sine puslerier. Ho er ei kreativ dame, som brukar mykje naturmateriale i bileta sine. Sjå gjerne meir på bloggen hennar.

Desse sunne epleknappane i tre, vann eg hos Strikkespinn. Så stilige, og eg gler meg til eg har eit prosjekt eg kan bruka dei på. Dette er og ei kreativ dame som er verdt eit besøk.

Så har eg strikka nokre lestepar i det siste. Eg har aldri strikka lestar etter oppskrift, så her går det berre på augemål. Ingen fine mønster eller spennande måtar å strikka dei på. Men det eg har lagt merke til, er at det fins så mange ulike måtar å strikka hælen på. Det syns eg er interessant, for eg har alltid strikka berre  ein sort hæl.

Det er denne. Eg syns jo det er ein hæl med ei god passform, under forutsening av at ein treff det med antal masker i forhold til størrelsen på lesten. Eg har sett den på ulike bloggar, men ikkje så ofte.

Litt gjenbruk er det og blitt i det siste.  Dette er ein plastboks som det har vore rosiner i. Hadde mange smårestar av bomullsgarn. Hekla  utan tanke på at fargane skulle passa. Den vil nok bli brukt til oppbevaring av eit eller anna hobbyrelatert.

Tusen takk for alle flotte og kjekke kommentarar som eg får. Dei blir sett veldig stor pris på :)

Ynskjer deg ein god dag :)

10.08.2012

Babytepper

Sommarstrikket mitt i år har vore babytepper. Mønsteret er enkelt, slik at det var lett å ta til innimellom. 

Alle er strikka i dobbel perlestrikk, som gjer at dei blir like på begge sider.

Dette er i rosa, lysegult og lime.

Så eit i lyseblått, offwhite og lysegul. 

Til slutt eit einsfarga i offwhite. Alle har fått ein heklekant rundt. Garnet eg har brukt er Trysil babygarn, som er 100% merinoull.

Dei vil etter kvart bli lagt ut for sal.

Takk for at du tittar innom meg, og god helg til deg :)

04.08.2012

Gjenbruk og pads

Gjenbruk er alltid like aktuelt, og det er kjekt å finna nye måtar.

Etter å ha strikka ein del pads, fann eg ut at det kunne vera lurt å laga ei oppbevaring til dei.

Det resulterte i desse posane av tynne gjenbruksplagg. Dei er ikkje fora, for meininga er at dei skal ta minst muleg plass.

Etter gjenbruk av diverse bukser, blir det ein det lommar til overs. Sydde dei saman, og pynta dei litt på framsida.

Både posane og lommane tek liten plass, og er enkle å ha med seg veska/bagasjen.
Brukte ei hempe som var på buksa, og sydde den på bak, slik at den kan henga open på ein knagg på badet lett tilgjengeleg.
Sydde i trykknapp til lukking.

Noko av dette vil ein etter kvart finna igjen både her og her.

God helg, og takk for at du stakk innom :)