Så var det tid for lappeteppe igjen. Fann eit gammalt mønster som eg tenkte eg ville dela med dykk. Det er i grunnen det same grunnmønster som i det forrige mønsteret eg la ut, berre at det i dette mønsteret er hekla to veiar.
Her er mønsteret:
Hekla 11 lm.
1. rad: Begynn i 4. luftmaske frå nåla, hekla ein stav i kvar av dei neste lm, tilsaman 9 st.
2. rad: 3 lm, hopp over 5 st, 1 fm mellom dei neste st, 3 lm, 1 fm i lm i begynnelsen av forrige rad.
3. rad: 3 lm, 3st om 1. lmb, 5 st om 2. lmb.
4. rad: Som 2. rad.
5. rad: 3 lm, 3 st om 1. lmb. 5 st om 2. lmb, ikkje snu men fortsett å hekla på neste side av motivet, 3 lm, 3 st om femte st. (altså den st. vi sist hekla) 4 st om dei neste lmb. ut omg.
6. rad: 3 lm, hopp over 4 st, 1 fm mellom st, 3 lm, hopp over 4 st, 1 fm mellom st, 3 lm, 1 fm om lmb i kanten, ikkje snu men fortset å hekla på neste side, 3 lm, 1 fm om lmb der 3 st vart hekla(= hjørne) 3 lm, hopp over 4 st, 1 fm mellom st, 3 lm, hopp over 3 st, 1 fm om lmb i kanten.
7. rad: 3 lm, 3 st om 1 lmb, 4 st om 2 lmb, 5 st om 3 lmb, ikkje snu men forsett å hekla, 3 lm, 3 st om 5 st(= hjørne), 4 st om kvar av dei neste 3 lmb.
8. rad: x 3 lm, hopp over 4 st, 1 fm mellom st, x. Gjenta frå x til x 2 ggr til, 3 lm, 1 fm om lmb i kanten, ikkje snu men fortsett å hekla 3 lm, 1 fm om lmb der 3 st vart hekla.(= hjørne). Gjenta frå x til x 2 ggr, 3 lm, hopp over 3 st, 1 fm om lmb i kanten.
Fortsett å hekla som på 7. og 8. rad, og for kvar rad blir det 2 lmb og 2 stavgrupper med 4 st i kvar meir på rada.
Hekle slik til det er 27. rader.
Hekle saman frå vranga slik:
x 1 fm om fm i kanten på rada og mellom st-gruppene, 3 lm, x.
Gjenta frå x til x. Hekla ein kant rundt heile teppet på same måte som rutene er hekla.
Det går jo og an å sy saman lappane for dei som synest det er best.

Eg har ikkje hekla dette lappeteppet sjølv, så her har eg hekla ein prøvelapp for å sjå korleis oppskrifta fungera. Syntest det var ein merkeleg start på teppet, så fleire gongar lurte eg på om det var feil i oppskrifta. Men det er det ikkje, så det er berre å hekla vidare så går det bra.

Her er eit anna lappeteppe som eg hakka for ei stund sidan. Det er berre å hakka så store ruter som ein vil, og så sy det saman. Hekla ein kant rundt til slutt.