22.12.2018

15.12.2018

Stort teppe


Det er populært med store tepper i tjukt garn for tida. No er det ikkje så veldig tjukt garn i dette, men på grunn av strukturen så kan det sjå slik ut. 


Det er strikka i eit blandingsgarn av 40% alpakka, 30% ull og 30% acryl. Eg har brukt dobbel tråd, og strikka det på pinnar nr 5. Det veg ca 900g, og målet på teppet er ca 140x110cm.

Vinnar av gje-borten blei dama bak den kreative bloggen Ruths datter. Eg har sendt deg ein mail, så ta kontakt, så får du pakke i posten.

Takk for at du stakk innom, og god helg :)

14.12.2018

Luke 14-24


Det nærmar seg jul, og eg har slått saman dei siste lukene.

I dag har eg dette sjalet som berre enkelt kan snurrast rundt halsen, og det passar både til mann og dame. Fint som gåve, eller berre til deg sjølv. Inneheld 70% ull, og 30% nylon. Mål ca 35cm framme, og ca 170cm rundt halsen.

Prisen er 140kr, pluss 48kr i frakt. Førpris er 190kr pluss frakt.

Prisen gjeld kun i dag.

Betaling med vipps/bank.

Og så avsluttar eg med ein liten gje-bort.


Det er dette nålebrevet.


Her er det god plass til dei nålene som trengs, og dei held seg godt på plass.

Legg igjen ein kommentar viss du har lyst å delta. Det blir allerede avgjort i løpet av morgondagen kven som vinn.

Ha ein fin dag :)