No har eg hekla ein del glasbrikker i det same mønsteret som før. Sidan det snart er jul, så vart det litt julefargar på nokon av dei. Dei blir vel lagt ut på epla i løpet av helga, og eg sel dei i pakkar på seks stk.

Det kan jo og vera greit å ha nokon som kan brukast heile året.

Alle er hekla i bomullsgarn, og kan vaskast på 60 grader.

Så var eg så heldig å få pakke i posten i dag. Eit par flotte sokkar strikka i 80% babyalpakka, og 20% silke :) Det må jo bli mjukt og godt. Var med på ei utlodning på ein koseleg blogg som heiter Hima på Høyvik. Dei er nok for store til meg, men eg har fleire som dei passar til, så dei vil nok bli godt brukte :)

Ynskjer alle ei fin helg :)