Stubbetufsa har hatt 10.000 besøk på bloggen sin! Som den kreative dama ho er, så har ho i den forbindelse laga ein konkurranse. Den går ut på at vi skal leggja ut ei dessertoppskrift e. l. på bloggen vår, og den skal vera laga av markens grøde. Trykkjer du på bilete under, er det link til bloggen hennar, som er vel vert eit besøk.

Mitt bidrag til konkurransen er dessertgele av hylleblomstsaft med heile blåbær. Her er oppskrifta.
0,5 l hyllblomstsaft ferdig utblanda
6 plater gelantin
heile blåbær
Legg gelantinen i kalt vatn. Varm opp safta, ta kjelen av plata og tilset gelantinen. Tilset blåbæra når geleen er kolna. Set den kaldt så den stivnar. Server den med vaniljesaus, kremfløyte eller det du måtte ønskje.
Har du ikkje hylleblomstsaft, så kan du bruka andre sortar heimelaga saft. Og blåbær kan bytast ut med andre bær som ein har.

Eg har og laga ripsgele. Eg har berre lyse rips, men det blir fin farge på geleen likevel.

Her er den ferdige geleen laga av dei lyse ripsa.

Og her skal eg kosa meg med hylleblomstgele og ripsgele. Mmm.... godt!