Det var kjekt med litt sying igjen, og kos å gå på leit i stoff og knappar.
Det blei fire clutch, men kan vel brukast til litt av kvart, alt etter kva ein treng dei til.
Og vil ein bruka den til strikkeveske, er det er plass til 3-4 nøster oppi.
Slik er dei når dei er bretta ut.
Knappen har eg sydd på på innsida.
For at det då skulle bli fint på utsida, så sydde eg samtidig på ein liten knapp der.
Dei er ca 20x25cm, og eg sel dei for 175kr pr stykk, inkludert frakt.
Takk for at du stakk innom :)
1 kommentar:
En clutch kommer alltid godt med :-)
Legg inn en kommentar