Det blei ein Harry Potter-gensar til bestemorguten. Den er strikka i superwashgarn på pinnar nr 4.
Det er mi eiga oppskrift med raglanfelling, og enkel ribbestrikk.
Så blei det eit sett med vottar og hue med Samojedmønster, til ein som er så glad i onkel sin hund. Det er Jorid Linvik sitt design, som du finn
her. Dei er strikka i Flora.
Og til dusken hadde eg litt garn som var spunne av ca 50/50% Samojedull/vanleg ull. Så tova eg dusken litt i tørketrommelen, til den blei litt meir ullete.
Og det blei eit sjølvkomponert sett til bestemorjenta. Det er strikka i Senjagarn.
Takk for at du tek deg tid til å stikka innom. Det blir sett stor pris på. Ynskjer deg eit kreativt og godt nytt år :)