Vinnar av gje-borten, blei Berit med denne kreative bloggen. Send meg adressen, så får du pakke i posten.
Ynskjer alle fine romjulsdagar :)
28.12.2017
24.12.2017
20.12.2017
LUKE NR 20 - 24
I dag slår eg saman dei siste lukene fram til jul, og du får mange gode tilbod. Her finn du produkt som er sett ned med 30%, og her med 40%.
Og gje-borten for 4 søndag i advent tek eg og i dag. Det blir denne mappa. Den kan brukast som ei lita strikkemappe (det er plass til eit par nøster i den), til toalettmappe, eller til det du treng den til.
Legg igjen ein kommentar dersom du vil delta, så trekkjer eg ein vinnar ein gong i jula.
Ynskjer deg fine førjulsdagar :)
19.12.2017
LUKE NR 19
I luke nr 19 finn du desse nålebreva. Det er sett ned med 20% pluss frakt. Tilbodet gjeld fram til eg legg ut eit nytt produkt i morgon.
Ynskjer deg ein fin dag :)
Ynskjer deg ein fin dag :)
18.12.2017
LUKE NR 18
I luke nr 18 finn du desse trekka til presskanner. Dei er sett ned med 20% pluss frakt. Tilbodet gjeld fram til eg legg ut eit nytt produkt i morgon.
Og vinnar av gje-borten blei Anne Synnøve. Send meg adressen din, så får du pakke i posten.
Ha ein fin dag :)
Og vinnar av gje-borten blei Anne Synnøve. Send meg adressen din, så får du pakke i posten.
Ha ein fin dag :)
17.12.2017
LUKE NR 17
I luke nr 17 finn du desse Mariusputane. Dei er sett ned med 20% pluss frakt. Tilbodet gjeld fram til eg legg ut eit nytt produkt i morgon.
Sidan det er tredje søndag i advent i dag, blir det ein liten gje-bort igjen. Det er endå ein nålepute, men denne er hekla.
Legg igjen ein kommentar dersom du vil delta, så trekkjer eg ein vinnar når eg legg ut eit nytt produkt i morgon.
Ynskjer deg ein fin adventsøndag :)
Sidan det er tredje søndag i advent i dag, blir det ein liten gje-bort igjen. Det er endå ein nålepute, men denne er hekla.
Ynskjer deg ein fin adventsøndag :)
16.12.2017
LUKE NR 16
I luke nr 16 finn du desse huene. Dei er sett ned med 20% pluss frakt. Tilbodet gjeld fram til eg legg ut eit nytt produkt i morgon.
Ha ein fin dag :)
Ha ein fin dag :)
15.12.2017
LUKE NR 15
I luke nr 15 finn du sminkevesker/clutch her. Dei er sett ned med 20% pluss frakt. Tilbodet gjeld til eg legg ut eit nytt produkt i morgon.
Håper dagen blir fin :)
Håper dagen blir fin :)
14.12.2017
LUKE NR 14
I luke nr 14 finn du desse hekla golvteppa. Dei er sett ned med 30% pluss frakt. Tilbodet gjeld fram til eg legg ut eit nytt produkt i morgon.
Ynskjer deg fine dagen :)
Ynskjer deg fine dagen :)
13.12.2017
LUKE NR 13
I luke nr 13 finn du desse skoposane. Dei er sett ned med 15% pluss frakt. Tilbodet gjeld fram til eg legg ut eit nytt produkt i morgon.
Ynskjer deg ein god dag :)
Ynskjer deg ein god dag :)
12.12.2017
LUKE NR 12
I luke nr 12 finn du leggings til barn her. Dei er sett ned med 20% pluss frakt. Tilbodet gjeld fram til eg legg ut eit nytt produkt i morgon.
Håper dagen blir fin :)
Håper dagen blir fin :)
11.12.2017
LUKE NR 11
10.12.2017
LUKE NR 10
I luke nr 10 finn du desse halsane/buffane i Mariusmønster. Dei er sett ned med 20%. Tilbodet gjeld fram til eg legg ut eit nytt produkt i morgon.
Sidan det er 2 søndag i advent, blir det ein liten gje-bort igjen i dag.
Det er denne, som er sydd i eit kult retroinspirert stoff. Den kan brukast til å halda orden på ting og tang. Legg igjen ein kommentar viss du vil bli med, så trekkjer eg ein vinnar når eg legg ut eit nytt innlegg i morgon.
Ynskjer deg ein fin søndag :)
Sidan det er 2 søndag i advent, blir det ein liten gje-bort igjen i dag.
Ynskjer deg ein fin søndag :)
09.12.2017
08.12.2017
07.12.2017
06.12.2017
05.12.2017
04.12.2017
LUKE NR 4
I luke nr 4 finn du dette trekket til Zaloflaska. Ja, den og har jo lyst til å pynta seg litt ekstra i jula :) Det er sett ned med 20% pluss frakt. Tilbodet gjeld fram til eg legg ut eit nytt produkt i morgon.
Så er det tid for trekning av gje-borten som eg hadde i går. Vinnaren er Viola med denne kreative bloggen. Gratulerer :) Send meg adressen din, så får du pakke i posten.
Håper du får ein fin dag :)
Så er det tid for trekning av gje-borten som eg hadde i går. Vinnaren er Viola med denne kreative bloggen. Gratulerer :) Send meg adressen din, så får du pakke i posten.
Håper du får ein fin dag :)
03.12.2017
LUKE NR 3
I luke nr 3 finn du desse glasbrikkene. Dei er sett ned med 20% pluss frakt. Her er det glasbrikker både i julefargar, og i meir nøytrale fargar. Tilbodet gjeld fram til eg legg ut eit nytt produkt i morgon.
Sidan det er første søndag i advent i dag, vil eg og ha ein liten gje-bort. Det er denne nåleputen som er laga i ein teknikk som heiter hakking.
Legg igjen ein kommentar dersom du vil delta. Så trekkjer eg ein vinnar når eg legg ut til luke 4 i morgon.
Ynskjer deg ein fin første søndag i advent :)
02.12.2017
01.12.2017
Adventstilbod - LUKE NR1
Kvar dag framover no i adventstida legg eg ut eit produkt frå Epla til nedsett pris.
I dag er det desse toalettveskene/handarbeidsmappene. Dei er sett ned med 30% pluss frakt. Kvart tilbod gjeld fram til eg legg ut eit nytt produkt neste dag. Så her kan du finna julegåver, eller noko til deg sjølv til ein god pris.
Ynskjer deg ei fin adventstid :)
30.11.2017
Leggings til barn
No er tida inne for varme plagg og tilbehør. Og varme leggings er godt å ha i kulden.
Dei øverste her er til dei litt større barna. Dei er ca 30 cm lange.
Og desse til dei litt mindre, er ca 22 cm lange.
Alle er strikka i Drops merino extra fine, og det er eiga oppskrift.
Ynskjer deg gode førjulsdagar :)
10.11.2017
Enkelt sjal
Eg har strikka eit enkelt, men godt og varmt sjal i rillestrikk.
Garnet eg har brukt er Eventyr blandingsgarn av 70% ull, og 30% nylon.
Slik strikka eg det:
1 omg: legg opp 3 m.
Ta første m laus av på kvar pinne.
2 omg: str r tilbake.
3 omg: str r til du har 1 m igjen på pinnen. Lag eit kast, og str den siste m. Gjenta denne omg til sjalet er så langt som du vil ha det. Fell av.
Vask det, og strekk det i fasong.
God helg, og kos deg med strikkinga :)
19.10.2017
Småstrikk
Eg har strikka nokre småplagg til ein ny verdensborgar. Dei er strikka diverse babyull.
Når eg likevel var i gang, strikka eg nokre fleire skjorter.
Alle plagga er eigne oppskrifter.
Så er eg så heldig at eg har vunne dette hos Annette med denne bloggen. Ho er ei kreativ dame som har mange prosjekt på gong. Og som du ser på bildet, så strikkar ho og gjerne for deg som vil det.
Tusen takk for pakken, Annette :) Det er alltid kjekt å få slike bloggpakkar i posten.
Og takk til deg som stakk innom :)
21.09.2017
Mariusmønster
Eg fekk eit ynskje om eit tova sitjeunderlag i Mariusmønster.
Slik blei det, og det er strikka i Østlandsgarn.
Det såg slik ut før toving. For at det skulle tova seg flatt, festa eg sikkerhetsnåler gjennom begge laga. Og det fungerte bra.
No skal det ut på tur. Og første turen går til fine Lofoten.
Så kjekt at du stakk innom :)
01.09.2017
Kosepose
Det er alltid kjekt å strikka småplagg.
No har eg strikka ein babypose som eg kallar Kosepose.
Den har selar, og hol til setebelte. Men den kan jo og brukast som ein nattpose. Denne er vel ca str nyfødt.
Denne er litt større, og passar vel kanskje opp til ca 6 mnd.
Begge to er strikka i Drops sin big Merino, og det er mi eiga oppskrift.
Takk til deg som er innom, og god helg :)
Takk til deg som er innom, og god helg :)
11.08.2017
Ein Marius
Denne Mariusen skal langt avstad.
Dotter mi har ei veninne frå Australia som for tida oppheld seg her i landet. Ho synest Mariusmønsteret er så fint, og kunne tenkt seg ein slik gensar.
No er den ferdig, og eg håper at den passar. Ho har valt fargane sjølv, og det er dei to første bilda som er rett farge.
For at den skal kunna brukast rett på kroppen utan at det klør, valde eg å strikka den i Drops merino extra fine, og eg valde eit halvt nr tynnare pinnar for å få litt meire hold i garnet.
Takk for at du stakk innom, og god helg :)
31.05.2017
Bestemorteppe
Det er kjekt å ha eit litt stort prosjekt gåande over tid, og som ein kan ty til innimellom andre ting.
No er det ferdig, og det blei eit bestemorteppe i to fargar.
Eg endar som regel opp med enkle kantar på teppene, så det blei det på dette og.
Det er hekla i Peru blandingsgarn, som inneheld 40% alpakka, 30% ull og 30% acryl.
Takk for at du stakk innom :)
28.04.2017
Siklesmekker/sjal i ull
Dette skulle egentleg bli siklesmekker, men dei fungerar vel og som eit lite sjal.
Det blei ikkje så stort innhogg i restegarnet, men eg fekk brukt opp litt smårestar.
Dei er strikka i ulike typar babyull/merinoull på pinnar nr 4, og på den tynne babyulla brukte eg dobbelt garn.
Oppdatering.
Det var overraskande at desse blei så populære, og det er fleire som har etterlyst oppskrift. Eg har strikka dei på same måte som det går an å strikka eit sjal.
Slik:
Legg opp 3m.
Str r tilbake.
Ta første m av-1k-1r-1k-1r.
Str r tilbake.
Ta første m av-1k-1r-1k-1r-1k-1r-1k-1r.
Str r tilbake.
Str vidare og auk 1m i kvar side, og 2m på mitten, til du syns den er lang/stor nok. Str alltid r tilbake. Hugs å strikk inn eit knapphol på den eine sida.
Du brukar og same oppskrift dersom du strikkar på tynnare eller tjukkare pinnar, for du bestemmer sjølv kor stor/lang du vil ha den.
Kos deg med strikkinga :)
Takk for at du stakk innom, og god helg :)
27.03.2017
Påskeantrekk til Zaloflaska.
Ja, no er påskeantrekket til Zaloflaska i boks. Eg har hekla slike før, men ikkje i påskefargar. Syns den blir eit litt bedre blikkfang med eit trekk. Og så er det kjekt å hekla slike småting.
Det er hekla i bomullsgarn, og er enkelt å ta på og av.
No tek eg ein litt tidleg påskeferie her på bloggen, og ynskjer deg som er innom ei god påske :)
08.03.2017
Hakking, og jammen vann eg igjen.
Så er eg tilbake til hakking igjen. Det er ein teknikk som eg aldri blir lei av.
Denne gongen blei det eit nett/skulderveske.
Det har ulike fargar på kvar side, og hanken er så lang at ein kan ha den på skulderen.
Så var eg så heldig at eg vann enno ein gong. Denne gongen var det hos Anette som har denne kreative bloggen. Ta deg gjerne ein tur innom og sjå alt det fine ho lagar.
Eg vann denne store og gode kluten strikka i patentstrikk, og det som ligg oppå kluten er på mystisk vis borte vekk. Tusen takk Anita, for pakke med både kos og nytte :)
Og takk til deg som stakk innom :)
17.02.2017
To halsar
Det er blitt to halsar i Peru blandingsgarn på pinnar nr 3.
Eg har brukt ca 50 gram i kvar, så det er eit fint prosjekt til enkeltnøster.
Mønsteret blei til underveis, og dei var i grunnen kjekke å strikka.
Takk for at du stakk innom, og god helg :)
03.02.2017
Fleire huer/luer, og flott bok.
I jula fekk eg spørsmål om eg kunne strikka ei hue i bomull til ein som ikkje tåler ull.
Det gjorde eg, og no har eg strikka opp nokre fleire.
Dei er strikka i Tuva bomullsgarn som inneheld 50/50 bomull/ackryl.
Tusen takk for boka til både Marion og Merete. Marion har både blogg og nettbutikk her. Boka vann eg på Merete sin blogg, Monstermønster. Begge to er kreative damer som er vel verdt eit besøk.
Takk for at du stakk innom, og god helg :)
22.01.2017
Enkle huer/luer
Det er blitt nokre enkle huer i Drops Alaska på pinnar nr 5.
Sidan dei er så elastiske, vil eg tru at desse er one size til barn, frå ca 6 år og oppover.
Huene er prøvd av levande modellar, og ifølgje dei så passa dei fint.
Ynskjer deg ein fin søndag :)
07.01.2017
Nytt bloggår.
Det ligg eit nytt bloggår framfor oss. Takk til alle rause strikke/hekle/sy/kreative damer som deler inspirasjon og kreativitet på bloggane sine. Og takk for rause og fine kommentarar :)
Det blei ein Marius til bestemorguten til jul. La opp til str 4 år, og strikka lengde til 6-8 år. Den er strikka i Falck på pinnar 3 og 3,5.
Hos Snella og Petronella fann eg denne kule knappen som eg sydde på.
Så har eg strikka eit skjerf i patentstrikk. Det er strikka i Karisma på pinnar nr 4.
Ynskjer deg eit kreativt og nytt bloggår :)
Abonner på:
Innlegg (Atom)