Påska og gode dagar med bestemorguten er over, så no er det tilbake til kvardagen igjen.
Etter at eg hekla nokre putar med bestemorruter, fekk eg lyst til å prøva å laga ei ny oppskrift på heklerute. Den har eg kombinert med bestemorruter, med ei litt annna avslutning.
Rutene har eg så hekla saman.
På andre sida av puten har eg først hekla ei rute, og så fortsatt vidare som på ei bestemorrute.
Og oppskrifta? Den er ikkje kome ned på papiret enno.