Det er ikkje dei heilt store prosjekta her for tida. Har strikka nokre vottar i størrelse ca. 1/2- 1 år. Dei er strikka i Tiur Dalegarn på p. nr. 3. Har ikkje noko oppskrift, men det er heilt enkle vottar med ei holrad med snor i, så dei set litt bedre på.

Her kan de sjå korleis eg gjer det når eg markerer der tommelen skal vera. Det er sikkert fleire måtar å gjera det på, men her er slik eg brukar.

Dette er jo små vottar, så eg vurderte at det var nok å setja av 6 masker til tommel. Då strikkar eg til det er 6 masker igjen på eine sida. Så tek eg ein trådende i ein anna farge og strikkar dei 6 maskene.

Så tek eg dei 6 maskene inn på ein anna pinne. Deretter tek eg den grå tråden som eg strikkar med, og strikkar over dei seks maskene.

Dermed er dei 6 maskene strikka mellom to omgangar, og kan lett trekkast ut når tommelen skal strikkast. Eg brukar og å ta opp nokre masker på sidene der tommelen skal vera. Her enda eg opp med 16 masker til tommelen, og syntest det passa bra.

Så har eg sydd to siklesmekker til. Denne gongen kjøpte eg plastbelagt frotte til å ha på baksida, men eg let frotteen venda ut. Likevel la eg inn eit lag med vanleg frotte denne gongen og. Desse to er lagt ut på Epla.