18.06.2010

Utfordring


For eit par veker sidan fekk eg ei utfordring hos Strikkebesta i bloggverda. Utfordringa starta opprinneleg på ein blogg som heiter Hagebø. Gå gjerne inn på bloggen og les meir om utfordringa der. Eg vel å gje utfordringa vidare til dei som har lyst til å laga, eller har gryteklutar dei har lyst til å blogga.


Her er gryteklutane som eg har hekla. Dei er hekla i dobbelt Solberggarn, og eg valde å bruka fastmasker så dei skulle bli tette og gode. Oppskrifta er enkel:
Legg opp 5 lm.
Hekle til saman 12 fm i ringen.
Hekle 3 fm- 1 lm til det er 4 hjørner.
Hekle 3 fm, 1 fm- 1lm- 1 fm i kvart hjørne. Gjenta ut omgangen.
Hekle 4 fm, 1 fm- 1 lm- 1 fm i hjørnet. (5 fm, så hjørnet) ut omg. Avslutt med 1 fm etter siste hjørnet.
Slik fortsett du, og det blir automatisk auka to masker på kvar langside på grunn av hjørnene som blir laga.
Hekle til du har 19 fm på kvar langside (då tel eg ikkje med hjørnene).
Hekle så ei rad rundt med 1fm og ei lm. Hugs 1 fm- 1 lm- 1 fm i kvart hjørne.
Kanten til slutt heklar du slik:
2 st-1 lm- 2 st rundt første buen. 1 fm i neste bue. Gjenta ut omg.
Hempe lagar eg ved å hekla 3 lm ekstra i eit av hjørna.


Desse gryteklutane fann eg oppskrift til på Hagebøbloggen. Dei er strikka i Dominostrikk, og var ein super måte å strikka gryteklutar.


Så kom eg på at eg hadde desse søte gryteklutane liggjande i ei skuffe. Dei er jo frå forrige århundre, men er vel like aktuelle og populære i dag :)


Ynskjer alle ei fin helg :)

14 kommentarer:

Tovepia sa...

Tykke og gode grytekluter du har laget, det er et møst!
Disse kjoleklutene fra gammelt av er virkelig artige...men er vel mest til pynt;)

Ha ei riktig god helg og klem herfra;)

Anonym sa...

Hei.Kjempe fine grytekluter.Nydelige farger.Tusen takk for oppskriften.Ha en riktig fin helg.Klem fra Bodil.

Siri @ Strikk og tøys sa...

Phu, jeg er redd slik hekling er alt for avansert for mitt nivå - så jeg lar utfordringen ligge så lenge :-)

Takker for at du er med på min lille give away og ønsker deg en riktig god helg!

Strikkebesta sa...

Så flotte dei vart dei hekla gryteklutane dine! Og stilig med striper i dei som du fann oppskrift på hos Hagebø:)
Det vart eit nostalgisk gjensyn med kjoleklutane, huskar dei frå eg var lita:)
God helg til deg!

Turid Holm Flaa sa...

Mye pent du har hekla. Skal titte inn på den utfordringa. Ønsker deg en riktig god helg.

Elins Strikkeri sa...

Her var det mange flotte grytekluter!!Dei du har lagt ut mønster til var supre:)) Ynskjer deg ei fin helg!

Petrinetrollmor sa...

Mange fine og koselige gryteklutar her hos deg ! "kjoleklutane" har eg også, kjøpte dei på ei julemesse for nokre år sidan.(på Rjånes, for dei som veit kvar det er) Eg falt pladask for dei, ååååå Bestemor, tenkte eg då ! Dei minner meg så sterkt om Besta mi:) Dei eg har er kvite og gammelrosa.

Ønsker deg ei riktig god helg !

reSIRIkulert sa...

Flotte gryteklutar, noko me ikkje kan få for mange av ;o)

Dorthe sa...

Så kjempefin blogg du har fått. En stund siden jeg har vært inne her. Er opptatt med VM strikk. Kjempefine grytekluter. Ha en riktig fin søndag.

Jorun sa...

Så flotte grytekluter!

Heidi sa...

Flotte grytekluter! likte også godt de posene du har sydd. ha ei fin uke!

Kjersti M sa...

Så mange flotte grytekluter. Likte også kjolene best, mange gode minner fra barndommen :o)

hobbyvenn sa...

Så mange flotte grytekluter. Spesielt de siste likte jeg godt.

Jorids BestemorBlogg. sa...

Hei Bodil!!
Håper du har det bra, og at det lille nye barnebarnet vokser og trives.Det går vel med en del tid til kosing hvist du har dem i nærheten da, tenker jeg
Jeg husker godt at min Bestemor hadde slike kjolegrytekluter som du har her nede i innlegget ditt, og nå fant jeg oppskrift til slike i den gammle boka jeg lånte på biblioteket nylig, kanskje en skulle prøve seg på slike retro kluter, husker jo hvor pene jeg syntes de var som liten:)))
Ønsker deg ellers en fin og god uke Bodil!!
Klem fra Jorid!!