
Så har eg hengt opp kjøkkengardinene. Mønsteret til dei var i Familien for nokon år tilbake, men det var til ein duk. Så eg brukte motiva både til gardiner og ein liten duk.


Og her er den første julebaksten. Kjempegode kaker laga av havregryn. Så vi kan jo sei at dei i alle fall er litt sunne. Har du lyst på oppskrifta så kjem ho her:

Fine havremomser.
100 gram smør
4 dl havregryn
1,5 dl sukker
2 eggekvitar
Smelt smøret, og hell det over havregryn og sukker. Visp kvitane stive, og skjær dei i røra med ein sleikepott. Steik kakene i ca, 8-10 min. ved 175 grader.
Smelt sjokoladen i litt olje, og smør på kvar kake. Eigentleg skal det vera ein mandel til pynt på kvar kake, men av erfaring så ligg mange av dei igjen i kakeboksen, så dei kutta eg ut denne gongen.
Ønskjer alle som er innom bloggen min ei fin adventstid, og tusen takk for alle koselege kommentarar, som eg set stor pris på.
Førjulshelsing frå Bodil.