23.08.2020

Hekla korger


Det er gøy å prøva diverse interiørgarn som er å få kjøpt, og det er mykje nyttig ein kan laga av det. Eg har hekla nokre korger, som kan brukast til litt av kvart.



Dei blei til etter kvart, og i omvendte fargar. Begge er hekla i båndgarn med heklenål nr 7.

Takk for at du stakk innom :)

09.08.2020

Hjartegensar



 Det er blitt litt strikking igjen, og slike småplagg er det jo alltid kjekt å laga. Dei er i ca 1-2 år, og 3-4 år.
 


Begge er strikka i Adlibris baby proof merini, på pinnar nr 3 og 3,5. Det var eit nytt garn for meg, som eg likte godt. Oppskrifta er klar her.

Takk for at du stakk innom :)

27.07.2020

Enkel barnesekk


Det blei ein enkel barnesekk i kult stoff. 


Den kan brukast til leikar og diverse ting og tang, og er fin å ha med på tur. Og eg vil tru at kosebamsen likar seg godt oppi den. Den er fora, og er ca 33x28 cm.

Takk for at du tittar innom :)