23.05.2020
Gensar i ribbestrikk
Ribbestrikka plagg er her igjen, og retrostrikking er jo gøy. Så då kom desse av pinnane.
Den eine er strikka i Vikinggarn, og den andre i Karisma. Dei er ca 1 og 2 år, og eg har laga oppskrift som du finn her.
Takk for at du stakk innom, og god helg :)
12.05.2020
Retro skulderveske
Eg er fortsatt i heklemodus, og denne gongen blei det ei retro skulderveske med bestemorrute.
Slik ser den ut på baksida.
Og den kan lukkast med hempe og ein knapp. Garnet eg har brukt er Cotton medi.
Takk for at du stakk innom :)
04.05.2020
Rund hekla retroveske
Den kan og brukast som ei lita strikkeveske, og det er akkurat plass til eit nøste oppi den.
Den har skulderreim, og lukkast med ei hempe og ein knapp.
Takk for at du stakk innom :)
Abonner på:
Innlegg (Atom)