30.03.2020

Tunika med rullehals



For ei stund sidan kom eg over nokre nøster i melkefiber. Dei blei til denne tunikaen til bestemorjenta, og den blei veldig mjuk og god.


Etterpå strikka eg den i eit meir vanleg garn med tanke på å laga oppskrift. Garnet er Drops merino extra fine.


Tunikaen kan strikkast både med og utan striper, og her kan jo og restegarnet koma til nytte.

Oppskrifta er klar, og du finn den her.

Ta vare på  kvarandre <3

07.03.2020

Hekla skuldervesker



Har hekla nokre vesker med plass til det alle mest nødvendige.


Dei er runde, og har lukning med hempe og knapp.


Og dei er ca 10 cm i diameter, og ein kant rundt på ca 5 cm.


Begge er hekla i Cotton medi.

God helg, og takk for at du stakk innom :)

28.02.2020

Strikka skuldervesker


Det er kjekt å laga ulike alternativ til plastposen, og her har eg strikka nokre enkle skuldervesker.


Dei kan brukast til det meste, og slik ser dei ut når dei er fyllt opp med garnnøster.


Dei er strikka i Linde ren bomull, og er ca 55x30cm.

God helg, og takk for at du stakk innom :)