30.08.2019

Serviettar


Eg hadde noko stoff  som eg syns kunne passa godt til serviettar. Det inneheld 55% lin, og 45% viskose. 


Det blei miljøvennlege serviettar som kan brukast om og om igjen. Dei blei ca 30x30cm.

Takk for besøket, og god helg :)



23.08.2019

Brødposar



Det er kjekt å sy litt igjen, og her har eg sydd nokre brødposar i lin.


Syns dei trong litt pynt, så eg hekla ein liten blomst til kvar.


Dei passar til runde brød, småbrød eller småbakst.

Takk for besøket, og god helg :)

14.08.2019

Vest med holmønster



Eg har strikka nokre vestar med litt holmønster til dei aller minste.


Dei er gode å ha no når hausten nærmar seg. Begge er strikka i Drops babymerino på pinnar nr 3. Oppskrifta har eg lagt ut her.


Og så blei det ei ullbukse av restar til bestemorjenta.

Takk for besøket :)