14.08.2019

Vest med holmønster



Eg har strikka nokre vestar med litt holmønster til dei aller minste.


Dei er gode å ha no når hausten nærmar seg. Begge er strikka i Drops babymerino på pinnar nr 3. Oppskrifta har eg lagt ut her.


Og så blei det ei ullbukse av restar til bestemorjenta.

Takk for besøket :)

06.08.2019

Fold over clutch


  Det var kjekt med litt sying igjen, og kos å gå på leit i stoff og knappar.


Det blei fire clutch, men kan vel brukast til litt av kvart, alt etter kva ein treng dei til. 


Og vil ein bruka den til strikkeveske, er det er plass til 3-4 nøster oppi.




Slik er dei når dei er bretta ut.


Knappen har eg sydd på på innsida.


For at det då skulle bli fint på utsida, så sydde eg samtidig på ein liten knapp der.

Dei er ca 20x25cm, og eg sel dei for 175kr pr stykk, inkludert frakt.

Takk for at du stakk innom :)

29.07.2019

Gjenbruk av CD-plater


Etter litt opprydding var det nokre CD-plater som skulle kastast. Men så kom eg på tanken om at dei kanskje kunne gjenbrukast.


Det blei litt prøving og feiling før eg enda opp med desse skålene og underlaga.


Begge deler har dobbel bunn med CD-plate inni, noko som gjer dei stødige og gode i bruk.


Dei er hekla i bomullsgarn med heklenål nr 3,5.

Eg har og laga oppskrift, og den finn du her.

Takk for at du stakk innom :)