02.05.2015

Meir dominostrikk

Her går det fortsatt i dominostrikking.

Denne gongen blei det glasbrikker.


Det er jo snart 17 mai, så det blei nokon i flagget sine fargar.

 

Og meir nøytrale som kan brukast året rundt.


Dei er strikka i Tuva på pinnar nr 3,5.


Så ser eg at eg har fått ein ny følgar. Det er alltid kjekt. Velkomen til deg :)

Takk for besøket, og god helg :)


24.04.2015

Dominostrikk

Dominostrikk er ein smart måte å strikka firkantar på.


Eg har strikka nokre handkle i teknikken.  Tenkte først å strikka dei i mange små firkantar, men valde til slutt å strikka ei stor dominorute. Når eg hadde igjen 3 masker, strikka eg vidare hempe i ein  teknikk som blir kalla hestetømmar.


Dette grå er strikka i Tuva bomullsgarn.


Dette lysblå, er økolokgisk plantefarga bomullsgarn frå Pickles.


Og sidan det snart er 17 mai, så blei det eit i flagget sine fargar. Det er og strikka i Tuva.


Hekla ein kant med krepsmasker rundt alle.

Takk for titten, og god helg :)

12.04.2015

Meir småstrikk

Først vil eg  takka for gode råd og fine kommentarar på forrige innlegg. Her i bloggland er det alltid nokon som har svar på ting ein lurer på. Det er så kjekt.

.
Ellers er det framleis  sokkestrikking.

Det går i enkle mønster og striper, og litt holmønster. 


Og det er fortsatt Senjagarn, og Ida strømpegarn eg brukar. 

Takk for at du stakk innom :)