27.10.2011

Litt juleting

Jula nærmar seg, og det er kjekt å laga litt juleting.


Desse putane kan brukast på begge sider, og det er omvendte fargar.

Eg har vist dei i bloggen før i andre fargekombinasjonar.


Her er ein i svart og kvitt.

Det er koselege putar å hekla, og kjekt å variera med ulike fargar.

Og klutar i julefargar er ein koseleg fargeklatt på kjøkkenet til jul. 

Dette finn nok vegen til Epla i løpet av helga.

Tusen takk for mange kjekke kommentarar, og ha ei flott helg :)

21.10.2011

Gjenbruk

Gjenbruk er i vinden som aldri før, og det er spennande og inspirerande  å sjå alt som blir laga.

Dei fleste i bloggverda har vel sett Ingrid Riddervold sine geniale kartonglommebøker. Viss ikkje, finn du bloggen hennar her. Ho er ein meister på gjenbruk, og det er ei fryd å sjå alt ho lagar. 

Inspirert av kartonglommebøkene hennar,  har eg brukt same materialet, men laga korthaldar av kartongen i staden. Det har vore mykje prøving og feiling før eg kom fram til dette resultatet.

Her kan du få korthaldar på nynorsk.

Eller kva med Tine sin Ananasjuice.

Det er to lommer inni, med plass til kort i kvar lomme.


Dei blir lukka med ein trykknapp.

Her er ein som er laga andre vegen, med korta på langs.

Kanskje nokre av dei finn vegen til Epla etter kvart.

Ha ei flott helg :)

15.10.2011

Lommebok/sminkepung i skinn

Av diverse skinnrestar har eg sydd 4 lommebøker/sminkepungar. 

Dei kan sjølvsagt brukast til anna ting og tang og.


Alle er fora, og har ei tynn skinnsnor i glidelåsen.

 Foret er gjenbruksstoff, og eg har brukt vliselin mellom laga.


Dei vil etterkvart bli lagt ut på Epla.

God helg :)