05.02.2023

Sjal/skjerf


Viss ull er for varmt, så er dette sjalet godt å ha.

Det er strikka i Sandnes Line som inneheld 53% bomull, 33% viskose og 14% lin.


Det kan brukast på ulike måtar, og er ca 130x80 cm.

God søndag :)

11.01.2023

Hekla teppe/pledd

Det er godt å ha eit teppe som ein kan tulla seg inni i sofakroken.


Det er laga i tunisisk hekling som eg alltid kjem tilbake til. Og det inneheld 40% alpakka, 30% ull og 30% acryl. Teppet er ca 185x85 cm. 

Takk for besøket :)

08.12.2022

Strikka sjal


Innimellom er det fint å ha eit sjal som ikkje er så stort. Dette passar både til barn og voksen, og kan brukast på ulike måtar. Det har bladmønster, og er strikka i alpakka. Og det er ca 90x10 cm.

Takk for besøket :)