11.10.2020

Enkel vest med båthals


Det er populært med vest igjen, og eg har strikka ein enkel versjon med båthals.


Det blei to stykk i ca 2-3 og 4-5 år, og dei er strikka i Sandnes alpakka. Oppskrifta har eg lagt ut her.

Takk for at du stakk innom :)

04.10.2020

Trekk til nettbrett


Det er lurt å ha eit godt trekk som beskyttar nettbrettet. Dette er laga i tunisisk hekling, og det har lukking med ein stor knapp.


Trekket er ca 25,5x19 cm utvendig mål, og det er hekla i Cotton medi.

Takk for at du stakk innom :)

27.09.2020

Ampel i makrame


 Det er lenge sidan eg har knytt makrame, og det var kjekt å friska det opp igjen.

Ampelen kan brukast både inne og ute, og ein kan variera med ulike potter og blomster. 

Takk for at du stakk innom :)