12.05.2020

Retro skulderveske



Eg er fortsatt i heklemodus, og denne gongen blei det ei retro skulderveske med bestemorrute.


Slik ser den ut på baksida. 


Og den kan  lukkast med hempe og ein knapp. Garnet eg har brukt er Cotton medi.

Takk for at du stakk innom :)

04.05.2020

Rund hekla retroveske


Det er blitt endå ei hekla veske med plass til det aller mest nødvendige.


Den kan og brukast som ei lita strikkeveske, og det er akkurat plass til eit nøste oppi den. 


Den har skulderreim, og lukkast med ei hempe og ein knapp. 

Takk for at du stakk innom :)

27.04.2020

Pompadour/veske til 17. mai


Det er praktisk med ei lita veske med plass til det aller mest nødvendige på 17 mai. No blir ikkje det behovet så stort i år, men det kjem vel fleire etter denne.


Dei kan brukast både med og utan karabinkrok. Kroken kan festast i belte, veske, jakke, sekk eller der det måtte passa.


Dei er hekla i bomullsgarn, og er ca 14x15 cm. Eg sel dei for 150kr, pluss 30 kr i frakt.

Takk for at du stakk innom :)