20.04.2020
Hekla korg
Det er så kjekt å hekla med diverse typar tjukt garn. Då kan ein og hekla litt større ting som er praktiske til oppbevaring.
Denne passar fint til strikkekorg, men kan jo og brukast til anna ting og tang.
Korga er hekla i stoffgarn, og den er ca 20x13 cm.
Takk for at du stakk innom :)
14.04.2020
Hekla nett med bestemorruter
Eg er tilbake til hekling, og har hekla eit nett med bestemorruter. Det passar fint som eit strikkenett, men kan sjølvsagt bruakst til akkurat det ein treng det til.
Det er hekla i Linde bomull og Cotton medi, og er ca 28x24cm.
Takk for at du tittar innom :)
Takk for at du tittar innom :)
06.04.2020
Strikka påskeklutar
Eg har laga ei enkel oppskrift på påskeklutar, som og kan brukast som ei lita brikke.
Dei kan strikkast i dei fargane og det garnet du likar best.
God påskestrikk :)
Abonner på:
Innlegg (Atom)