Eg har lenge tenkt at eg skulle strikka meg ei Nancykofte eller ein gensar. Og eg hadde noko garn i Inca alpakka som eg har spart på til det rette prosjektet.
Fann ut at desse fargane kunne passa godt til dette mønsteret, og eg er fornøgd med resultatert.
Den er strikka på pinnar nr 3, og det blei ein lett, men varm og god gensar.
Takk for at du stakk innom, og god helg :)