19.10.2017

Småstrikk


Eg har strikka nokre småplagg til ein ny verdensborgar. Dei er strikka diverse babyull.


Og så blei det kvar sitt lestepar til heldige storesøster og storebror.


Når eg likevel var i gang, strikka eg nokre fleire skjorter. 


Alle plagga er eigne oppskrifter.


Så er eg så heldig at eg har vunne dette hos Annette med denne bloggen. Ho er ei kreativ dame som har mange prosjekt på gong. Og som du ser på bildet, så strikkar ho og gjerne for deg som vil det. 
Tusen takk for pakken, Annette :) Det er alltid kjekt å få slike bloggpakkar i posten.

Og takk til deg som stakk innom :)

21.09.2017

Mariusmønster



Eg fekk eit ynskje om eit tova sitjeunderlag i Mariusmønster. 


Slik blei det, og det er strikka i Østlandsgarn.


Det såg slik ut før toving. For at det skulle tova seg flatt, festa eg sikkerhetsnåler gjennom begge laga. Og det fungerte bra.

No skal det ut på tur. Og første turen går til fine Lofoten.

Så kjekt at du stakk innom :)

01.09.2017

Kosepose

Det er alltid kjekt å strikka småplagg.


No har eg strikka ein babypose som eg kallar Kosepose.


Den har selar, og hol til setebelte. Men den kan jo og brukast som ein nattpose. Denne er vel ca str nyfødt.


Denne er litt større, og passar vel kanskje opp til ca 6 mnd.


Begge to er strikka i Drops sin big Merino, og det er mi eiga oppskrift.

Takk til deg som er innom, og god helg :)