01.09.2017

Kosepose

Det er alltid kjekt å strikka småplagg.


No har eg strikka ein babypose som eg kallar Kosepose.


Den har selar, og hol til setebelte. Men den kan jo og brukast som ein nattpose. Denne er vel ca str nyfødt.


Denne er litt større, og passar vel kanskje opp til ca 6 mnd.


Begge to er strikka i Drops sin big Merino, og det er mi eiga oppskrift.

Takk til deg som er innom, og god helg :)

11.08.2017

Ein Marius


Denne Mariusen skal langt avstad.


Dotter mi har ei veninne frå Australia som for tida oppheld seg her i landet. Ho synest Mariusmønsteret er så fint, og kunne tenkt seg ein slik gensar.


No er den ferdig, og eg håper at den passar. Ho har valt fargane sjølv, og det er dei to første bilda som er rett farge. 


For at den skal kunna brukast rett på kroppen utan at det klør, valde eg å strikka den i Drops merino extra fine, og eg valde eit halvt nr tynnare pinnar for å få litt meire hold i garnet. 

Takk for at du stakk innom, og god helg :)

31.05.2017

Bestemorteppe

Det er kjekt å ha eit litt stort prosjekt gåande over tid, og som ein kan ty til innimellom andre ting.


No er det ferdig, og det blei eit bestemorteppe i to fargar. 


Eg endar som regel opp med enkle  kantar på teppene, så det blei det på dette og.


Det er hekla i Peru blandingsgarn, som inneheld 40% alpakka, 30% ull og 30% acryl.

Takk for at du stakk innom :)