Så er eg tilbake til hakking igjen. Det er ein teknikk som eg aldri blir lei av.
Denne gongen blei det eit nett/skulderveske.
Det har ulike fargar på kvar side, og hanken er så lang at ein kan ha den på skulderen.
Så var eg så heldig at eg vann enno ein gong. Denne gongen var det hos Anette som har denne kreative bloggen. Ta deg gjerne ein tur innom og sjå alt det fine ho lagar.
Eg vann denne store og gode kluten strikka i patentstrikk, og det som ligg oppå kluten er på mystisk vis borte vekk. Tusen takk Anita, for pakke med både kos og nytte :)
Og takk til deg som stakk innom :)