04.03.2016
Gult er kult til påske
Viking sportsragg er eit godt garn å strikka sokkar av.
Eg hadde nokre gule nøster, så då blei det gule påskesokkar/ankelsokkar.
Dei er gode å ha på seg.
Og dei er såpass tjukke at dei kan fungera som tøfler.
Dei er strikka på pinnar 3,5.
Takk for at du stakk innom, og god helg :)
18.02.2016
Mariushals/buff
Her går det fortsatt i restegarnstrikking.
Og her valde eg å bruka Mariusmønster.
Denne er strikka i eit sokkegarn som heiter Viking sportsragg, som er mjukt og godt.
Og denne er strikka i Viking alpakka sport. Dei er strikka på pinnar 3,5 og 4.
Takk for alle fine kommentarar :) Dei blir sett stor pris på.
05.02.2016
Fint restegarnprosjekt
Som tenkt, så starta eg det nye året med å få brukt litt restegarn.
Resultatet blei enkle halsar, eller buff som det visst og heiter.
Eg har brukt ca 50 gram på kvar.
Og då passar det og fint å få brukt enkle nøster.
Det var ikkje så mykje restegarn som gjekk med, men eg fekk i alle fall brukt litt.
Takk for besøket, og god helg :)
Nyere innlegg
Eldre innlegg
Startsiden
Abonner på:
Innlegg (Atom)