Hausten er komen, og det er tid for litt varmare plagg.
Eg har strikka nokre enkle sett med hals og huer, og huene fekk ein liten dusk. Eg vil tru dei passar frå ca 3-6 år, og bestemorguten har allerede fått eit sett.
Garnet heiter Oda, og er 50% ull og 50% acryl. Det er veldig mjukt, og eg trur ikkje det klør.
Takk for at du stakk innom :)