Etter fangsten med stoff i påska, har eg blant anna dette maritime og flotte stoffet med gamle seglskuter.
Lurte på kva som passa å sy av det, og fann ut at eg kunne i alle fall prøva på ein pute.
Hadde lyst å bruka knappar i opninga, så då vart det knappar med hemper. Knappane er gjenbruk.
Så trekantvesker igjen, og resultatet vart desse to.
Og endå ei strikkemappe med tilbehør har sett dagens lys.
Ynskjer alle ein flott maidag :)













