I påskeferien vart det ein del stoffkjøp, og dette syns eg passa godt til ei strikkemappe.
Eg sydde etui og nålebrev som tilbehør denne gongen og.
Alle tre er fora, og har vatt mellom laga.
Stoffet er eit stødig bomullsstoff.
Glidelåset har to saumar.
Inni etuiet er det plass til diverse ting og tang som ein treng i strikkemappa.
Inni nålebrevet ligg nålene godt beskytta, og er supert å ha med på reise.
Her tittar sola fram i dag, men vi har fortsatt litt snø igjen.
God helg, og takk for at du kom innom bloggen min :)














