Her i bloggland er det alltid mange fine tepper som blir laga.
Men det som går igjen, er at det som regel blir veldig mange endar å festa. Og alle er vel enige om at det ikkje er så kjekt.
På dette teppet treng ein ikkje å festa ein einaste ende, dersom ein passar på å ha nok garn til ein omgang.
For å sleppa det, så blir det frynser på kantane istadenfor. Så ein startar omgangen eit stykke innpå tråden med tanke på frynsa, og avsluttar omg. med å klippa av garnet til ei frynse. Så knyt du dei saman. Eg har knytt saman to og to trådar. I dette teppet har eg kun brukt restegarn, og diverse opprekksgarn. Sjølv etter vask, har ikkje opprekksgarnet retta seg ut.
Oppskrifta er enkel: Du heklar fastmasker med ei luftmaske mellom. Kanskje eit fint påskeprosjekt :)
Så kjekt at du stakk innom. God helg :)
















