07.10.2011

Strikking igjen

Hausten er komen, og behovet for vottar er her allerede.

Eg hadde fire nøster med Fritidsgarn, som rakk til desse tre par vottane. Dei fekk seg ein runde på finvask for lettare toving.

Så hadde eg to like nøster med Smart. Dei vart til desse to para.

Og til slutt, to isskrapevottar.

Alle er lagt ut på Epla.

God helg :)

02.10.2011

Kjekt å sy.

Slike posar er veldig kjekke å sy, og kan brukast til oppbevaring av ting og tang både på kjøkken, bad, og ellers i huset.

Dette vart ein pose som kan brukast til diverse brødvarer, samtidig som den pyntar opp på bordet.



Koseleg stoff, som er kjøpt hos Panduro.

Posane blir jo veldig ulike, alt etter kva stoff ein brukar.


Denne er sydd av gjenbruksstoff.

To av dei blir lagt ut på Epla.

Her ser det ut som det blir ein nydeleg søndag. Håper du og får ein flott dag :)

24.09.2011

Endå meir sying.

Her går det framleis i sying av diverse ting og tang. Nokon av stoffa er nye, noko er restar, og noko er gjenbruk. Desse posane har eg sydd på ein litt anna måte enn dei eg har laga før. Du finn ein smart framgongsmåte i Timotei sin blogg.

Denne posen er sydd av gjenbruksstoff. Foret er av 100% lin, og har levd sitt tidlegare liv som bukse. Stoffet utanpå, har vore ein bluse.

Denne er sydd av ein dongerirest, og fora med eit av stoffa som eg vann hos Bentes Quiltehage

Nydeleg for, som eg syns passa godt til dette stoffet.

Her er eit litt lysare dongeristoff, og her vart det ei remse med same stoff utanpå.

Og likt for inni.

Dette stoffet likar eg så godt, så det kjøper eg kanskje meir av.

Og her har eg brukt eit anna av stoffa som eg vann i Bentes Quiltehage, så no har eg snart ikkje meir igjen av dei.

Nokon av desse tinga blir lagt ut på Epla etter kvart.

God helg, og tusen takk for alle kjekke kommentarar :)