Det er ikkje alltid ting blir blogga rett etter at det er laga. Denne halsen har varma Svanhild det meste av vinteren. Oppskrifta fann ho sjølv på
Pickles. Det er eit artig mønster, som eg dessverre ikkje får fram på bileta.
Den er strikka i same garn som gensaren under, men her har eg brukt det dobbelt , og den er strikka på pinne nr. 15. Eg har aldri strikka på så tjukk pinne før, så eg måtte kjøpa ein. Eg fann den berre i metall, og det var ikkje akkurat det mest ideelle til den oppskrifta. Den var så glatt, så eg måtte vera eksta på vakt så eg ikkje mista ned ei maske. Resultatet er eit veldig langt og varmt skjerf som kan surrast mange gongar rundt halsen.
Så ville ho gjerne ha seg eit par nye vottar, og det fann ho i lageret. Ull er gull når det er kaldt, og med den kalde vinteren vi har hatt, har det kome godt til nytte.
Her ser det ut til å bli ein fin dag med sol frå skyfri himmel.
God helg til alle som er innom bloggen min :)