No har eg trekt vinnarane av lotteriet mitt, og dei som vann var desse:
Muffin med bloggen Muffins verden vann løparen.
Ruths datter med bloggen Ruths datter vann garnet som eg har spunne.
Marit Johanne med bloggen Marits hobbyblogg vann klutar og kjøleskapmagnetar.
Gratulerer til vinnarane :) Sender gevinstane når eg har fått adressene.
Tusen takk til alle som var med :)
01.02.2011
29.01.2011
Bestemorruter
Det er inspirerande å sjå kor mykje forskjelleg som blir laga av bestemorruter på bloggane. Ikkje minst alle dei fine lappeteppa som ser dagens lys.
Eg har gjort det enkelt, og hekla ei stor rute til ein pute.
Dette er ikkje ein pute til, men den andre sida av puten. Er ein lei av den eine sida, er det enkelt å fornya den med ein anna farge.
Eg hekla saman begge rutene på siste omgong, og hekla knyteband av luftmasker.
Ynskjer alle ei flott helg :)
23.01.2011
Pompadour
Har styrt med litt småhekling i det siste. Det har resultert i diverse pompadour i ulike størrelsar. Oppskrifta vart til etter kvart eg hekla.
Treng ein fin innpakning til eit smykke, eller treng ein plass å oppbevara det, passar denne minste utgåva godt.
Har ein maskemarkørar som ein ikkje finn når ein treng dei, så kan desse passa godt til det.
Kanskje lurt å ha ein plass å gjera av alle dei fine knappane.
Så har eg vore så heldig å få møta ei god bloggveninne og namnesøster i det siste. Det var kjempekoseleg. Bodil er ei kreativ og hyggeleg dame som lagar mykje flott, og du finn bloggen hennar her: http://bodilhver.blogspot.com/
Det er enno tid til å melda seg på lotteriet mitt for dei som ynskjer det. Du finn det eit par innlegg lenger ned.
Abonner på:
Innlegg (Atom)







