31.12.2023

Julesjal




Fint julesjal strikka i tynt garn, 50g/400m. Ca 2mx50cm.

Godt nytt år :)

29.11.2023

Hekla babyteppe


 

Hekla babyteppe overstrødd med blomster. Ca 80x60 cm. Hekla i Drops merinoull. 

11.10.2023

Hekla gresskar


 Hekla gresskar som pyntar fint opp no om hausten.

16.09.2023

Veske til mobiltelefon






Praktisk veske til mobiltelefonen. Den kan og brukast som vanleg veske. Hekla i bomullsgarn, og er ca 16x10x100 cm.

03.09.2023

Strikka veske


 

Skulderveske med dekorativt mønster. Strikka i bomullsgarn. 

Ca 23x23x80 cm.

19.08.2023

Hekla vesker




Hekla vesker i ulike fargar. Ca 26x20 cm.
 

14.07.2023

Hekla skuldervesker



Hekla skuldervesker med striper. Ca 18x12x80 cm.

 

25.06.2023

Hekla glasbrikker


 Praktiske glasbrikker. Hekla i bomullsgarn.

04.06.2023

Sommarsjal

 



Lett og luftig A-symmetrisk sjal strikka i Cotton kings sultan, 100% bomull. Det kan brukast på ulike måtar, og passar både til sommarkjolen og ulike antrekk. Mål ca 95x115x140 cm.

20.05.2023

Minivesker



Minivesker hekla i tjukt båndgarn. Kan brukast som ein liten gåvepose, til oppbevaring av småting, osv. Ca 10x11 cm.

God helg :)

05.05.2023

Barneskaut


 
 


Barneskaut til 17 mai. Strikka i bomullsgarn. Passar til ca 0,5-2 år, 3-5 år, og 6 år og oppover.

God helg :)

23.04.2023

17 maipynt




Med eit strikka 17 maiband kan det meste pyntast til den store dagen :)

05.04.2023

Blondesjal


 



Luftig og lett sjal strikka i Cotton kings sultan, 100% bomull. Sjalet kan brukast på ulike måtar, og passar både til sommarkjolen og vanlege antrekk. Ca 130x65cm.

God påske 🐣

23.03.2023

Litt påskestæsj



Litt påskestæsj som pyntar opp på kjøkkenet i påska :)

 

10.03.2023

Strikka hårband


 



Strikka hårband i retrostil. Kan og knytast rundt ein hestehale. 

God helg :)


25.02.2023

Tova sitjeunderlag


Hekla og tova sitjeunderlag forma som ei blid sol. Passar til barn, og varmar der det trengs. Hekla i 100% ull.

God helg :)

05.02.2023

Sjal/skjerf


Viss ull er for varmt, så er dette sjalet godt å ha.

Det er strikka i Sandnes Line som inneheld 53% bomull, 33% viskose og 14% lin.


Det kan brukast på ulike måtar, og er ca 130x80 cm.

God søndag :)

11.01.2023

Hekla teppe/pledd

Det er godt å ha eit teppe som ein kan tulla seg inni i sofakroken.


Det er laga i tunisisk hekling som eg alltid kjem tilbake til. Og det inneheld 40% alpakka, 30% ull og 30% acryl. Teppet er ca 185x85 cm. 

Takk for besøket :)