08.12.2022

Strikka sjal


Innimellom er det fint å ha eit sjal som ikkje er så stort. Dette passar både til barn og voksen, og kan brukast på ulike måtar. Det har bladmønster, og er strikka i alpakka. Og det er ca 90x10 cm.

Takk for besøket :)

27.11.2022

Gryteunderlag

 


Gryteunderlag i julefargar pyntar fint opp på julebordet. Desse er hekla i dobbelhekling, og er ca 14x14 cm.

Takk for besøket :)

19.11.2022

Sjal



Varmt og godt sjal strikka i Drops Alpakka mix. Ca 120x24 cm.

God helg :)

 

24.10.2022

Leggings



 


Det er tid for ull, og desse varmar godt på kalde dagar. Dei er strikka i ullgarn som passar til pinnar nr 4, og er ca 45 cm lange.

Takk for besøket :)

02.10.2022

Clutch



Clutch med knapp i tunisisk hekling. Den er ca 17x11 cm, og er hekla i bomullsgarn.

Takk for besøket :)


 

17.09.2022

Skuldervesker



To skuldervesker i bomullsgarn. Ca 20x16x60 cm.

God helg :)

 

10.09.2022

Hekla clutch






Båndgarn er populært, og veldig kjekt å hekla med. Denne gongen blei det nokre clutch med knapp, og dei er ca 17x11 cm. 

God helg :)

27.08.2022

Hekla rund veske


Det er blitt endå ei veske i populært båndgarn. Denne gongen blei den rund. Den er ca 23 cm i diameter, og kostar 190 kr + 55 kr i frakt.

God helg :)

 

11.08.2022

Hekla vesker i båndgarn




Etter at eg strikka nokre vesker i båndgarn, så blei det nokre hekla vesker og. Kjekt å hekla/strikka med så tjukt garn. Både dei hekla og dei strikka kostar 150kr + pluss 55 kr i frakt.

Takk for besøket :)


 

25.07.2022

Vesker i båndgarn


To vesker strikka i båndgarn er blitt til, og dei er ca 27x19 cm.

Takk for besøket :)

12.07.2022

Dippeduttetui


Litt småhekling blei til nokre etui som hjelper til å halda orden på diverse småting og dippeduttar. Dei er hekla i bomullgarn i tunisisk hekling, og er ca 9,5x7 cm. Det kostar 70 kr pluss 20 kr i frakt for eit etui.

Takk for besøket :)

30.06.2022

Etui i redesign





Gjenbruk av retroduk blei til eit etui med trykknapp, og eit med glidelås.

Takk for besøket :)

11.06.2022

Hekla vesker



Vesker som passar godt som strikke/prosjektvesker. Dei er hekla i bomullsgarn 8/6, og er ca 24x18 cm. Pris: 200 kr pluss 55 kr i frakt.

God helg :)
 

28.05.2022

Pannebånd


 

Bestemorruter kan bruakst til litt av kvart, og denne gongen blei det nokre pannebånd i bomull. Dei passar til dei minste, og er ca 38 og 44 cm i omkrets.

God helg :)

22.05.2022

Clutch/sminkevesker


Det er blitt to clutch/sminkevesker med hekla brikker som pynt. Stoffet er lin, og dei er ca 23x14 cm.

Takk for besøket:)

12.05.2022

Babyteppe


Bestemorruter er alltid kjekt å hekla, og denne gongen blei det eit teppe. Det er hekla i 8/4 bomullsgarn, og er ca 80x60 cm.

Takk for besøket :)

27.04.2022

Hekla poncho


Retroinspirert poncho med bestemorruter. Passar til minus/pluss 1 og 2 år, og er hekla i 8/4 bomullsgarn.

Takk for besøket :)

19.04.2022

Villmarksgensar


Ei lita tulle trong ein gensar, og då blei det denne gensaren, Villmarksbarn. Den er strikka i Smart, og oppskrifta er Linka Karoline Helene Neumann si. Og den finn du her.
 

09.04.2022

Hekla nett



Romsleg og nostalgisk nett med bambushankar. Hekla i bomullsgarn 8/6.

God helg :)

01.04.2022

Litt heklekos





Det er blitt nokre små skåler som pyntar opp på påskebordet. Hekla i 8/6 bomullsgarn, og er ca 8,5x4 cm.

God helg :)

26.03.2022

Hekla veske


Veske med litt broderi. Hekla i 8/6 bomullsgarn.

God helg :)

19.03.2022

Makrame


Innimellom er det kjekt med litt makrame, og det blei eit nett som kan brukast som fruktnett, eller til anna ting og tang. Hankane er bambusringar.

God helg :)

12.03.2022

Oppbevaring


Det er kjekt å hekla med båndgarn. Denne gongen blei det ein firkanta kurv med kryssfinerbunn. Fin til oppbevaring av ting og tang. Og den er ca 15x15x8 cm.

God helg :)
 

04.03.2022

Kuvertbrikker


Det er blitt nokre kuvertbrikker i påskefargar. Dei er hekla i 8/6 bomullsgarn, og er ca 34x21 cm.

Takk for at du stakk innom :)

22.02.2022

Redesign


Ei dongeribukse har fått nytt liv, og er blitt til eit barneforkle. Det tåler både tøff bruk og vask.

Takk for besøket :)

12.02.2022

Hekla nett


Det er blitt endå eit hekla nett/skulderveske. Det er hekla i bomullsgarn, og er ca 30x30x80 cm.

God helg :)

30.01.2022

Hekla nett


Det er blitt litt meir hekling. Denne gongen blei det eit nett/skulderveske. Det er hekla i bomullsgarn, og er ca 29x24x60 cm.

Takk for besøket :)

21.01.2022

Makrame


Det er kjekt med litt makrame innimellom, og resultatet blei nokre nøkkelhankar. 

God helg :)

 

15.01.2022

Gensar med stjernemønster



Det er godt å ha gode ullplagg i skapet, og desse passar til ca 3-4 og 5 år.


Dei er strikka i Gjestal pure merino, og oppskrifta finn du her.

God helg :)