27.11.2021

Pompadourvesker til barn


To pompadourvesker til barn. Kan fyllast med spennande ting og tang, og gje som gåve.


Dei er hekla i bomullsgarn, og er ca 16x17 cm.

God helg :)
 

19.11.2021

Babyteppe med holmønster


Det er blitt eit babyteppe til. Garnet eg har brukt er Drops babymerino.


Teppet er ca 60x80 cm, og oppskrifta finn du her.

Takk for at du stakk innom :)

 

13.11.2021

Hekla barnevesker


Det er blitt nokre fleire vesker til barn. Koseleg hekling, og dei passar godt til julekjolen. Dei er hekla i bomullsgarn, og er ca 14x10 cm. Pris for ei veske: 130 kr, pluss 30 kr i porto.

God helg :)


06.11.2021

Kuvertbrikker til jul



Kuvertbrikker i julefargar pyntar fint opp på julebordet. Desse er hekla i bomullsgarn, og er ca 35x22 cm.
Pris pr stk: 120 kr, pluss 30 kr i porto.

Takk for besøket :)