27.02.2021
Pute i tunisisk hekling
Det er blitt ein pute i tunisisk hekling, og det er kjekt å prøva med ulike mønster.
Baksida ser slik ut, og kan jo gjerne brukast på den sida og. Puten er hekla i bomullsgarn, og er ca 30x30 cm.
Takk for at du stakk innom, og god helg :)
16.02.2021
Hekling igjen
Denne gongen blei det ein panda, og det var kjekt å sjå den bli til etter kvart. Den er hekla i bomullsgarn som passar til heklenål nr 3,5.
Oppskrifta har eg lagt ut
her.
Takk for at du stakk innom :)
06.02.2021
Barnehuer med trekantmønster
Det er blitt nokre fleire huer, men denne gongen til barn.
Dei er strikka i Lima, som eg syns er eit godt garn til uteplagg. Det inneheld 65% ull, og 35% alpakka, og huene passar til barn frå ca 5-9 år.
Har og laga oppskrift, som du finn
her.
Takk for at du stakk innom, og god helg :)
Nyere innlegg
Eldre innlegg
Startsiden
Abonner på:
Innlegg (Atom)