15.12.2021

Hekla juletre




Litt småhekling i førjulstida blei til desse minijuletrea. Dei er ca 6 cm, og er hekla i bomullsgarn. Oppskrifta finn du her.

Takk for at du stakk innom :)



 

05.12.2021

Strikka pompadour


Nostalgisk pompadour strikka i fint stjernemønster. Garnet er Drops belle, som inneheld 53% bomull, 33% viscose og 14% lin.

God søndag :)

27.11.2021

Pompadourvesker til barn


To pompadourvesker til barn. Kan fyllast med spennande ting og tang, og gje som gåve.


Dei er hekla i bomullsgarn, og er ca 16x17 cm.

God helg :)
 

19.11.2021

Babyteppe med holmønster


Det er blitt eit babyteppe til. Garnet eg har brukt er Drops babymerino.


Teppet er ca 60x80 cm, og oppskrifta finn du her.

Takk for at du stakk innom :)

 

13.11.2021

Hekla barnevesker


Det er blitt nokre fleire vesker til barn. Koseleg hekling, og dei passar godt til julekjolen. Dei er hekla i bomullsgarn, og er ca 14x10 cm. Pris for ei veske: 130 kr, pluss 30 kr i porto.

God helg :)


06.11.2021

Kuvertbrikker til jul



Kuvertbrikker i julefargar pyntar fint opp på julebordet. Desse er hekla i bomullsgarn, og er ca 35x22 cm.
Pris pr stk: 120 kr, pluss 30 kr i porto.

Takk for besøket :)

29.10.2021

Hekla vesker til barn


Det er kjekt å hekla litt småting, og eg vil tru det er stas å ha si eiga veske. Passar og godt til julekjolen. Dei er ca 14 cm i diameter, og har ca 70 cm snor. Pris pr stk: 150 kr, pluss 30 kr i porto.

God helg :)

25.10.2021

Hekla smekker


Hekla smekker som kan broderast namn på. Dei er ca 22x17 cm, og er hekla i bomullsgarn.

Takk for besøket :)
 

18.10.2021

Hekla julepose


 Julepose som kan brukast som gåvepose og fyllast med spennande saker og ting. Hekla i bomullsgarn. 

Takk for besøket :)


10.10.2021

Kuvertbrikker


Kuvertbrikker pyntar fint opp, og her har eg hekla nokre som er runde.


Dei er hekla i bomullsgarn, på heklenål nr 3,5.

Så kjekt at du stakk innom :)

 

05.10.2021

Hekla minietui


Det er blitt nokre små praktiske etui i tunisisk hekling, som hjelper til å halda orden på småting og tang.
Dei er ca 6x5 cm.

Så kjekt at du stakk innom :)


24.09.2021

Babyteppe



Det er blitt eit babyteppe i to fargar, med små og store hjarter. 


Det er strikka i Drops babymerino, på rundpinne nr 3. Oppskrifta finn du her.

Takk for besøket, og god helg :)

 

17.09.2021

Clutch/sminkeveske


Det er blitt litt sying, og det blei to clutch/sminkevesker med blonde.


Dei er fora og har vatt mellom laga, og er ca 21x13 cm.

God helg :)

31.08.2021

Hekla veske


Det er blitt endå ei veske. Denne har rund form, og har fått både knyting og hank. Den er hekla i bomullsgarn, og er ca 30x22x85(hank) cm.

Takk for besøket :)

22.08.2021

Hekla veske


Ein ny ide til veske dukka opp. Den er hekla i eit mønster som lagar ein trekkspeleffekt. Det er derfor plass til meir i den enn det kan sjå ut som.

I tillegg har eg hekla inn ein sirkel i begge endane, noko som gjer den endå meir romsleg. Den er veldig praktisk som strikkeveske, men kan sjølvsagt brukast til anna ting og tang. 

Den er hekla i bomullsgarn, og er ca 24x20cm. Og sirkelen er ca 10 cm.

Så kjekt at du stakk innom :)

16.08.2021

Lommekjole



Det var gøy å strikka kjole med lommar. Eg har brukt Drops cotton merino, 50% ull, og 50% bomull. Den grøne kjolen er til ca 1 år.


Og den rosa til ca 2 år. Oppskrifta har eg lagt ut her.

Så kjekt at du stakk innom :)

06.08.2021

T-skjorter i bomull



Det er blitt nokre enkle T-skjorter med rullekantar og striper.


Dei er til ca 1(2) år, og er strikka i 8/4 bomullsgarn. Oppskrifta finn du her.

Så kjekt at du stakk innom :)

31.07.2021

Bestemor


Ei lita tulle er kome til verda, og eg er så heldig å bli bestemor igjen. 



Det er stor stas, og bestemor ynskjer deg alt det beste framover :)

20.07.2021

Ullbukse


Det var ei lita tulle som trong ny ullbukse, og som syns at lilla er den finaste  fargen. Så då blei det slik.

Kjekt at du stakk innom :)

12.07.2021

Hekla skjørt


Det er blitt fleire bestemorruter, og denne gongen i eit skjørt. Dette og passar og til minus/pluss 1 år, og er hekla i bomullsgarn 8/4. 

Så kjekt at du stakk innom :)

01.07.2021

Hekla tunika/kjole


Det er kjekt å finna ulike måtar å bruka bestemorruter, og her har eg hekla dei inn i ein tunika/kjole. Den passar til ca minus/pluss 1år, og er hekla i bomullsgarn 8/4.

Så kjekt at du stakk innom :)

25.06.2021

Kyser



To babykyser er kome av pinnane. Dei har fått I-cordsnor til knyting, og ein hekla picotkant framme langs kanten. Begge er strikka i babyull, og dei passar til ca pluss/minus 3 mnd.

Så kjekt at du stakk innom :)

08.06.2021

Hekla vest

 

Bestemorruter er alltid populært, og her har eg brukt dei i ein vest. Den er hekla i to teknikkar, vanleg hekling og tunisisk hekling.

Eg har brukt bomullsgarn 8/4, og den passar til ca 1-2 år.

Så kjekt at du stakk innom :)

30.05.2021

Topp med stjernemønster


Det er blitt litt småstrikk, og det blei ein topp med eit enkelt stjernemønster.


Den er til ca 1 og 2 år, og er strikka i Baby proof merini. Oppskrifta er klar her.

Så kjekt at du stakk innom :)

16.05.2021

Hekla teppe

 Eg har hekla eit teppe i litt spreke fargar. Var litt spent på resultatet, men eg er fornøgd.

 

Det er hekla i 55% bomull, og 45% merinoull. 

Så kjekt at du stakk innom :)


07.05.2021

Pute i tunisisk hekling


Det er blitt ein pute i tunisisk hekling igjen. Denne gongen i eit mønster som kjem best fram med to fargar.
 

Det er og ulike fargar på kvar side, så det er enkelt å fornya puten.

Den er hekla i bomullsgarn, og er ca 30x30cm.

Så kjekt at du stakk innom :)

01.05.2021

Hekla veske



Det er blitt ei hekla veske igjen. Den kan brukast både med ein og to hankar.


Det er berre å dra den slik ein vil ha den.


Den er hekla i bomullsgarn, og er ca 22x22 cm.

Så kjekt at du stakk innom :)

22.04.2021

Hekling



Det er blitt litt hekling igjen, og det blei kuvertbrikker til 17. mai i flagget sine fine fargar. 


Brikkene er hekla i bomullsgarn, og er ca 35x22 cm. 

Så kjekt at du stakk innom :)

06.04.2021

Strikka halsar


Det ser ut som ein enno kan ha bruk for ein god hals framover, for her er det full vinter.




Det blei fire i ulike størrelsar, ca 1-2, 3-5, 6-9 og 10 år og oppover.


Alle er strikka i Drops big merino, og oppskrifta ligg her.

Så kjekt at du stakk innom :)