25.06.2020

Hekla nett i retrostil


Det er kjekt å variera med ulike teknikkar. Denne gongen blei det eit hekla nett i retrostil med bestemorruter.


Det er stort og romsleg, og kan brukast til strandnett, handlenett, turnett, strikkenett, eller til det ein treng det til.


Hanken er ca 50cm, og veska ca 29x29cm. Det er hekla i Linde ren bomull.

Takk for at du stakk innom :)

16.06.2020

Japansk knutepose


Det er kjekt å sy litt innimellom, og denne gongen blei det ein Japansk knutepose/Japanese knot bag. Den fins i mange ulike variantar, og eg har sydd min eigen versjon. Ein knyter posen ved å dra den lange hanken gjennom den korte.


Som strikkeveske er den praktisk å ha med på tur. Knyt den og tre den lange hanken inn på armen, og garnnøstene ligg trygt medan ein strikkar.


Her er det tre garnnøster oppi, men det er plass til nokre fleire.


Passar og som turpose til diverse mat og godsaker, og er ein fin erstatning til plastposar.

Takk for at du stakk innom :)

09.06.2020

Hekla nett


Hekla nett er eit godt alternativ til plastnett. Dei kan brukast til grønnsak/fruktnett, ut på tur nett, strikkenett, eller til akkurat det ein treng dei til.


Dette er hekla i bomullsgarn, og er ca 24x29 cm.

Takk for at du stakk innom :)