30.05.2020

Hekla barnehattar



Det er kjekt å ha ein liten sommarhatt på lur når finværet kjem. Desse passar både til gut og jente.


Dei er ca 45 og 50 cm i omkrets, og er hekla i Linde ren bomull.

Takk for besøket, og god pinse :)


23.05.2020

Gensar i ribbestrikk


Ribbestrikka plagg er her igjen, og retrostrikking er jo gøy. Så då kom desse av pinnane.


Den eine er strikka i Vikinggarn, og den andre i Karisma. Dei er ca 1 og 2 år, og eg har laga oppskrift som du finn her.

Takk for at du stakk innom, og god helg :)

12.05.2020

Retro skulderveske



Eg er fortsatt i heklemodus, og denne gongen blei det ei retro skulderveske med bestemorrute.


Slik ser den ut på baksida. 


Og den kan  lukkast med hempe og ein knapp. Garnet eg har brukt er Cotton medi.

Takk for at du stakk innom :)

04.05.2020

Rund hekla retroveske


Det er blitt endå ei hekla veske med plass til det aller mest nødvendige.


Den kan og brukast som ei lita strikkeveske, og det er akkurat plass til eit nøste oppi den. 


Den har skulderreim, og lukkast med ei hempe og ein knapp. 

Takk for at du stakk innom :)