24.01.2020
Strikka vestar
For ei stund sidan strikka eg og laga oppskrift til slike vestar. Då strikka eg dei i Drops babymerino.
No ville eg strikka nokre som var større, så då brukte eg same oppskrift, men med tjukkare garn. Garnet eg har brukt, er Drops sin ekstra fine merino, og oppskrifta finn du her.
Takk for at du stakk innom, og god helg :)
15.01.2020
Hekla skuldervesker
Eg startar året med hekling, og det blei to skuldervesker i ulike fargar.
Dei kan brukast til litt av kvart, som handlenett, grønnsaknett, strikkeveske, ut på tur veske, og elles det ein treng dei til.
Dei er hekla i bomullsgarn, og er ca 50(m/hank) x 28 cm.
Takk for at du stakk innom :)
07.01.2020
Mariuskjole
Det blei ein Mariuskjole til bestemorjenta til jul. Eg gjorde litt endringar på bærestykket, med ei enkel rad mønsterstrikk, og perlestrikk i staden for riller. Den passa fint, og ho har litt å veksa i.
Kjolen er strikka i dobbel babyull på pinnar 3,5 og 4.
Ynskjer deg eit kreativt og godt nytt år :)
Abonner på:
Innlegg (Atom)