20.12.2019

13.12.2019

Julekuvertbrikker


Kuvertbrikker er veldig praktiske å bruka, og her har eg strikka ein juleversjon med hjarter på eine sida. Dei er strikka i Linde ren bomull, og er ca 25x38cm.

Ynskjer deg ei god førjulstid :)

07.12.2019

Retrokjole med blad



Eg har strikka ein retroinspirert kjole med bladmønster nede på kanten, og i-cordsnor i livet. Sidan det snart er jul strikka eg den i julefarge, men den er nok like fin i andre fargar.  Den er strikka i Drops babymerino på pinnar nr 3. Oppskrifta er til ca 1 og 2 år, og du finn den her.

Takk for besøket, og god helg :)