29.11.2019

Ut på tur-pose



Eg er tilbake til hekling, og her har eg hekla nokre posar som eg kallar Ut på tur-posar. 


Dei kan fyllast med god energimat, og festast til sekken/buksa/jakken, eller der det passar. Då har ein litt snadder lett tilgjengeleg på turen.


Dei kan sjølvsagt og brukast til andre ting, som sminkepose, hobbypose, osv.


Alle er hekla i diverse bomullsgarn, og dei er ca 14x15cm. Karabinkroken føl og med.


Eg sel dei for 205kr pr stk, inkludert frakt.

Takk for at du stakk innom, og god helg :)


22.11.2019

Forkle til barn


Det er sikkert mange pepparkakebakarar rundt omkring i landet no før jul, og då er det kjekt å ha utstyret på plass.


Eg fann desse fine stoffa til å sy dei av.


Vil tru dei passar sånn ca frå 6-8 år.


Dei er ca 55cm lange, men då har eg ikkje regna med snora rundt halsen.


Eg sel dei for 200kr pr stk, inkludert frakt.

Takk for besøket, og god helg :)

15.11.2019

Skuldervesker


Det er blitt endå nokre vesker i ein kombinasjon av tunisisk hekling/hakking, og vanleg hekling.


Denne gongen blei det skuldervesker som har plass til det aller mest nødvendige.


Sjølve veska er i tunisisk hekling, og kanten øverst, hempa og skulderreima er i vanleg hekling.


Dei er ca 16,5x10,5cm, og er hekla i Cotton medi.

Takk for at du stakk innom :)

09.11.2019

Vesker i to hekleteknikkar



Det er alltid kjekt med hekling, og i desse veskene har eg brukt ein kombinasjon av tunisisk hekling/hakking, og vanleg hekling. 


Dei kan sjølvsagt brukast til litt av kvart, og dei passar og godt som strikkeveske.


Begge er hekla i Cotton medi, og dei er ca 27x17,5cm.


Takk for besøket, og god helg :)

01.11.2019

Hekla vesker/clutch



Her går det fortsatt i hekling, og det er kjekt å koma fram til ulike modellar.


Begge er hekla i Cotton medi, og er ca 18x16cm.

Takk for at du såg innom, og god helg :)